Små oppdrettsanlegg
I Europa finnest det mange mindre oppdrettsanlegg med ein produksjon på 50-100 tonn årleg. Dette er føretak som ofte er vert drevet og eigd av enkeltpersonar eller som familebedrifter. Produksjonen er i all hovedsak porsjonsfisk av aure på land med bruk av ferskvatn. Ferskvatnet frå elvar eller oppkomme er slik ein ressurs som vert nytta til småskala lokal matproduksjon.
På djupet i dei norske fjordane finnes det vatn som har heilt spesielle kvalitetar med omsyn til salintet, temperatur og bakterie/virusinnhald. Ved å bruke dette vatnet ved produksjon av fisk i landbaserte oppdrettsanlegg kan man redusere investering og driftskostnader tilknytte vassbehandling. Sidan 2006 har Sogn Aqua, med støtte frå Innovasjon Noreg og Høyanger Næringsutvikling, arbeida med å utvikle småskala enkle landbaserte oppdrettsanlegg tilpassa Norske forhold med bruk av djupvatn som naturressurs.
