Kveita

Kveita kjem inn i anlegget vårt når den er ca 100 gram, ca 15 cm lang. Fisken vert røkta manuelt og mestedelen av fôring foregår også mykje for hand. Dette handtverket gjer at fisken veks jamnt og trutt i 3-4 år og vert seld i fleire størrelsar: 2-3 kg, 3-5 kg, 5-7 kg eller 7 +. Djupvatnet frå Sognfjorden gir fisken jamn vekst. Vi meiner at kvaliteten på fisken vert betre under kontollerte forhold med kaldt vatn. Mykje frisk vatn blir pumpa opp frå djupet i Sognefjorden for å få fram den beste smaken.  Kveite frå Sogn Aqua har snøkvit farge, god og jamn tekstur og er konsistent i smak.  Rapport fra Nofima  som omhandlar kvaliteten på Slantevikkveita kan lastast ned her.

Legg igjen en kommentar