Plassen

Slantevika ligg mellom Bjordal og Ortnevik på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Det landbaserte anlegget ligg på eit nedlagt småbruk i eit bratt og karrigt terreng. Slantevika er omgitt av høge fjell og ein fjord som er heile 1,3 km djup. Folk har til alle tider hausta av naturen her. Fjella som beite, dei små jordlappane ved fjorden og fisket i fjorden. Sogn Aqua har også etablert seg her på grunn av ein naturressurs, nemlig djupvatnet frå Sognefjorden.

Legg igjen en kommentar