Fortsatt matproduksjon i Ortnevik

On 3. oktober 2014 by admin

I samband med reguleringsarbeid for ny lokalitet i Ortnevik har Fylkesmannen godkjent omlegging fra landbruksareal. Sogn Aqua er dermed eit steg nærmare å kunne auke produksjonen sin av kveite.

Grunnlaget for vidare effektiv og  bærekraftig produksjon på land er bruk av kaldt og reint djupvatn frå Sognefjorden. I Ortnevik kan selskapet få tilgang til denne ressursen samtidig som ein får nytte landareal. Kveita som vert oppdretta i kaldt djupvatn er av svært god kvalitet og dermed ei etterspurt vare. Ein auke i produksjonen vil gje meir fisk på heimemarkanden, men også gje oss muligheit til eksport av matfisk. Anlegget skal byggjast inn i landskapet og tilretteleggast i eksisterande kystkulktur. Vidare skal det nyttast miljøvenlege materialer som til dømes stein, resirkulerbar plast og treverk i konstruksjonen. Det er Raft Arkitekter som har utarbeida illustrasjonane.

Område som grensar til strandsona vart dyrka på 70-tallet. Vi skal fortsatt produsere mat på dette området, men no skjer det med bruk av Sognefjorden og produktet er sushi for heile verden.

Comments are closed.