4- Stjerners middag

On 17. april 2012 by admin

Når Frode Søreide (32) onsdag inviterer til «4-stjerners middag» i husværet sitt i Oslo, er det råvarer frå Høyanger sørside han brukar.

Tekst og bilde hentet fra Ytre Sogn. Skrive av: May Britt Eide (13.04.12 – 12:48)

-Eg tykte at dette var ein fin moglegheit til å vise fram at vi har mange gode råvarer frå lokalområdet mitt, på Høyanger sørside, og at det er ypparleg å bruke til festmat. Dessutan ville eg gjerne at det skulle vise igjen i menyen at eg kjem frå Sogn. Eg er stolt av heimstaden min, seier Frode Søreide til Ytre Sogn om deltakinga i TVNorge-programmet «4-stjerners middag».

I programmet møter vi kvar veke fire kjende personar som opnar dørene til heimane sine og er vertar for kvarandre – og for norske TV-sjåarar. Fjerde sesongen av programmet starta på nyåret, og sidan då har tv-sjåarane møtt blant andre forfattar Anne Holt, kunstnar Vebjørn Sand, artist Mia Gundersen og komikar Zahid Ali.

Og denne veka er det altså programleiar Frode Søreide, kjend frå blant anna «Solgt!» på NRK, sin tur. Han fortel til Ytre Sogn at han til forrett serverer hjortepølse og heimebrygg laga av Geir Helge Østerbø, som også er søskenbarnet hans. Til hovudrett brukar han den lokale kveita til oppdrettar Jan Arne Osland. Den vart henta opp frå anlegget om kvelden og sendt i spesialkasse med nattbussen frå Vadheim, slik at den skulle vere heilt fersk.

-Mange tenkjer gjerne tradisjonkost om Sogn, og det er kjekt å vise at matfatet vi har i nærmiljøet vårt kan lagast til på spennande måtar. Elles var det også ein fin moglegheit til å kunne marknadsføre oppdrettskveita til ein ung gründar frå sørsida, som torer å satse. Når eg i tillegg har eit søskenbarn som lagar framifrå heimebrygg, så følte eg det passa godt å servere til den heimelaga hjortepølsa hans. Eg trur det er viktig i eit slikt selskap å utmerke seg med noko litt utanom det vanlege, og at ein kan knytte ei histore til maten ein serverar, seier Frode.

Om det fell i smak hos gjestene hans, som er tidlegare Se & Hør-redaktør Odd Johan Nelvik, «Skal vi danse?»-dommar og tidlegare proffdansar Trine Dehli Cleve og slankeekspert Jeanette Rohde, står att å sjå.
-Men dei let i alle fall vel, røpar han.

Comments are closed.