Designpilot

On 17. april 2012 by admin

Sogn Aqua i Bjordal er ei av 16 norske verksemder som skal delta i eit designdreve innovasjonsprosjekt (DIP).

Skrive av: (29.12.11 – 12:28)

- Med hjelp av designarar skal vi no sjå på utfordringane våre med nye briller, seier dagleg leiar i Sogn Aqua, Jan Arne Brekke.
I samarbeid med Innovasjon Norge har bedrifta sett på korleis dei skal selje kveita.
- Denne prosessen har vore svært viktig for oss. Vi har gjort eit kvantesprang der vi blant anna har arbeidd med ulike forretningsmodellar, seier ein nøgd Brekke.
- I samarbeid med Maritim Colours i Bergen spissa vi utfordringane våre og utarbeidde ein søknad om å bli eit designdreve innovasjonsprosjekt i regi av Norsk Designråd. Vi har nyleg fått stadfesta at vi er funne verdig ein plass i prosjektet, og vi startar for fullt etter nyttår, seier Brekke.

Claus Gladyszak er designrådgjevar og rettleiar mellom anna innan forretningsmodellering i Innovasjon Norge. Men kvifor er det så viktig å utarbeide ein forretningsmodell?
- Kort fortalt skal forretningsmodellen vere ei skildring av korleis verksemda skapar og kaprar verdiar. Sogn Aqua har lukkast med å ale opp kveita, men dei hadde ikkje ein klar plan for korleis dei skulle få kveita ut på marknaden for å kapre marknadsdelar og inntekter. Det er derfor viktig at dei finn ein modell som sikrar at dei treff rett marknad med sitt unike produkt, seier han.

 

Comments are closed.